The UNESCO Transatlantic Slave Trade project Please visit our sponsors.
Click Here to Visit our Sponsor
The UNESCO Transatlantic Slave Trade project

Olav og Kari

Olav sat heime i åtte år,
- Trø meg inkje for nære! -
fyrr han ville si mo'eri sjå,
- På vollen dansar mi jomfru. -

Det niende tek'e til lide,
han ville til si mo'eri ride.

II

«Høyrer du Olav, sonen min:
hosse likar du gifta di?»

«Sosso likar eg gifta mi,
som eg drikk'e bå' mjø' og vin.

Sosso likar eg gifta god,
som kvòr den dagjen å drikke jol.»

«Eg såg henne Kari ride
i gjår med elveside.

Ho ha'e kje anna til hest,
hell kvite bjønnen ho lika best.

Ho ha'e kje anna til beisle-ring,
hell frånarormen ho slengde ikring.»

«Det mune dei på henne ljuge -
Gud nå'e den som slikt trudde!»

«Hosse kan graset på jordi gro,
når sonen må inkje mo'eri tru?»

III

Olav han spring på gangaren grå,
så hastig ri'e han derifrå.

Kari ho ser seg ut så vide,
så ser ho 'n Olav etter halline ride.

Ho gjordest bå' blå og bleik:
«No ser eg Olav at han er vreid!»

Ho skodde si hònd, ho skodde sin fot,
så gjekk ho sin herren syrgjeleg imot:

«Høyrer du Olav, herren min:
hot tidend fekk du hjå mo'eri di?»

«Ho sa, ho såg deg ride
i gjår med elveside.

Du ha'e kje anna til hest,
hell kvite bjønnen du lika best.
Du ha'e kje anna til beisle-ring,
hell frånarormen du slengde ikring.»

«Det mune dei på meg ljuge
Gud nå'e den som slikt trudde!»

«Hosse kan graset på jordi gro,
når sonen må inkje mo'eri tru?»

Han la til henne med tynnyrtein,
serkjen rivna, og holdet seig.

Han la til henne med tynnyrkvast,
serkjen rivna, og holdet brast.

«Olav, Olav, slå inkje leng'!
No hev eg fengji min hjartespreng.»

Han tok 'a Kari i sitt fang,
så bar han henne på silkjeseng.

«Du dreg'e serkjen utor blodet,
du sender han til mi mo'er!

Du bed, ho tvær han rein'e
og gifter kje døttar fleire!»

IV

Kari kom seg til himmeriks dør,
Jomfru Mari sleppte 'a innafyr.

Jomfru Mari tukka fram ein stol:
«Sit, liti Kari, og kvil din fot!»

«Du tar inkje rydje sess fyr meg,
eg er inkje for god til stande fyr deg.

Eg er inkje trøytt, eg kan vel stå,
men må Olav himmerikje få?»

«Sit, liti Kari, og kvil deg på -
Olav han skò himmerikje få!»

«Eg er inkje trøytt, eg kan vel stå:
men må Olavs mo'er hinimerikje få?»

Jomfru Mari ho svara så:
- Trø meg inkje for nære! -
«Olavs mo'er kan kje himmerikje få.»
- På vollen dansar mi jomfru. -


Bakgrunnen for 'Olav og Kari'

er trolig fortellingen om den frankiske prinsessen Klotilde, datter til Klodevig. Etter at faren var død ble hun i året 526 gift med vestgoterkongen Amalarik. Han var ivrig arianer, og hun var katolikk. Derfor begynte han å være hard med henne, slo og pinte henne. Til slutt sendte hun broren sin, Childebert, en serk (eller en duk), som var flekket av hennes eget blod.
Han skyndte seg å hevne den uretten hun hadde lidt, kjempet mot Amalarik og vant. De førte Klotilde tilbake til Frankerriket, men hun døde på hjemveien.

(NFD, bånd VI, s. 261) Utskriftsvennlig versjon  
Skriv ut!

Copyright © Gm Systemutvikling